problem 400pix

Vårt kommunikasjonskurs skal hjelpe par til å ha større glede av forholdet sitt. Me tilbyr også verkty til å betre kommunikasjonen. Kurset set søkelyset på det som kan styrkje forholdet.

Kurset passar for par i alle aldrar frå dei yngste, til par i pensjonistalder. Det å ha det godt i eit parforhold er viktig for alle. Endå viktigare er det om de har born. Som foreldre legg me rammer kring bornas liv. Ved å delta på PREP- kommunikasjonskurs investerer de også i oppveksten til borna dykkar.

Studier viser at par som har gått på PREP kurs har opptil 50 % større sannsynlighet for å bli i forholdet og være tilfreds med det, enn par som ikkje har fått denne kunnskapen og treninga. På eit PREP kurs er det både humor og alvor. Det vil handle om kjærleik, forventningar, glede, moro og vennskap, men aller mest om god kommunikasjon.

Målet er at par skal lære å kjenne igjen kva slag konfliktar som kan skade forholdet, og få nokre verktøy til å betre kommunikasjonen og til å Iøyse problem.

PREP er ei forkorting av den amerikanske betegninga Prevention and Relationship Enhancement Program. På norsk: eit førebyggjande program som styrkjer samlivet. PREP vart skapt i USA kring 1980, og vert stadig vidareutvikla på bakgrunn av ny forskning. PREP er oversett og bearbeidd for norske tilhøve av Samlivssenteret ved Modum Bad

  • Våre kurspakkar

 

 

 kurspakkar

Fotograf: Anette Helland